Laurdag 27. oktober

Oslokappleiken 2012

Kappleiken blir i Nordahl Bruns gate 22 i Oslo hjå Bygdelagssamskipnaden

 

Program:

 

Sjokoladekappleik kl. 10.00

 

Kappleik kl. 12.00

 

Fest med premieutdeling etter kappleiken

Sjokoladekappleik er eit uformelt arrangement der ungar som driv med dans, spel og kveding kan delta. I staden for poeng delar dommarane ut sjokolade. Dette er ei god trening i å opptre, og målet er å få så mange unge som råd fram på scena. For unge utøvarar innan folkemusikk har dette tiltaket vist seg som eit svært motiverande mål å arbeide mot, og slik er det blitt eit viktig ledd i rekrutteringa.

I år slår vi saman klasse A, B og D til ei seniorklasse. Dei mellom 12 og 18 år tevlar i juniorklasse. Vi har og slått saman gruppespel og open klasse. Her blir det og juniorklasse. Klassane blir då slik med junior og senior for alle klassar:

Dans fele

Dans hardingfele

Durspel

Eldre folkemusikkinstrument

Lagdans

Lagspel

Laus

Open klasse og gruppespel

Spel fele

Spel hardingfele

Vokal folkemusikk

 

Påmelding: www.paamelding.folkemusikk.no

Laget for folkemusikk arrangerar kappleiken i samarbeid med Bygdelagssamskipnaden.