Det har vore ein del usikkerhet rundt avviklinga av årets Oslokappleik. Program og stad er no spikra og planen er som følgjande:
I år vil det i forbindelse med oslokappleiken bli arrangert "Folkemusikkhelg" på RIKSSCENA i regi av Laget for Folkemusikk, Bærum spelemannslag og Riksscenen. Konsert- og aktivitetstilboda vert mange og ingen har lyst til å gå glipp av dette storslåtte arrangementet!
Kl 19.30: Konsert med Frøholm/Tillung.
Kl 20.30: Dans utover natta til spelemennene Per Anders Buen Garnås(Telemark), Trond Steffen Westberg (Røros), Egil Syversbråten(Hallingdal), Leif Inge Schølberg (Gudbrandsdalen) og Jan Beitohaugen Granli(Valdres).
Inngang kr. 150.
Kl 11.00-16.00: Ungdomsseminar med Annebjørg Lien (Påmelding til Hanne Brende, tlf. 41421319).
kl 11.00: Sjokoladekappleik - gratis deltaking (påmelding frå kl 10.30 til 11.30)
kl 13.00- seinast 18.00: Kappleik (påmelding fra kl 10.30 til 15.00) Alle klassar
Kl 19.30-21.00/21.30: Konsert med Annebjørg Lien, Bærum spelemannslag, Ingunn Bjørgo og Halvard Velsand, Erlend Viken og Britt Pernille Frøholm.
Kl. 21.30: Premieutdeling
Kl. 22.30: Dans utover natta.
Fredag kveld: 150,-
Kappleik(for publikum og deltakarar):100,-
Konsert laurdag kveld og dans: 200,-
"Pakkepris"; Heile laurdag: 200,-