Stor folkemusikk- og dansehelg i hovudstaden

Oslokappleik 22. november 2014

Oslokappleiken 2014 vert arrangert i samarbeid med Riksscenen og FolkOrg og er del av ei stor folkemusikk- og dansehelg i hovudstaden.

Konsert med Ingebjørg Bratland fredag på Riksscenen, sjokoladekappleik og Oslokappleik på Riksscenen lørdag og på søndag: Meisterkonsert med vinnarar av Landskappleiken og Landsfestivalen 2014 i Operaen. 

Laget for folkemusikk er særs nøgd med eit slikt samarbeid og ser fram til ei innhaldsrik helg 21. - 23. november. Laget for folkemusikk, FolkOrg og Riksscenen har samla all info om arrangementet på www.kappleik.no . Der finn du oppdatert program, informasjon om påmelding til kappleiken og kven du skal kontakte for å få svar på ulike spørsmål.

Eit tips til tilreisande: book deg overnatting tidleg! Det nærmaste hotellet er Anker hotell i Storgata.

Meld deg på: http://www.paamelding.folkemusikk.no/

All info finn du altså på www.kappleik.no